kvinnheradhundeklubb.net © 2007 

                    

Hundeløp

Det blir nytt hundeløp søndag 30. mai 2010 kl. 15.00 på banen i Rosendal.

Løpa med og utan hinder går som vanleg (sjå lenger ned på denne sida). Me har hatt eit nybegynnarkurs i agility i vår og prøver med ein hoppkonkurranse. Det er mest det same som ein agilitykonkurranse, men utan felthinder. Elles vil me også denne gongen ha eit enkelt agilityløp,
pris: kr 50 - 75 - 100 for å delta på 1 - 2 - eller 3 løp om du er medlem.
        kr 100 - 125 - 150 om du ikkje er medlem.

Informasjon om hundeløpa:
Kvinnherad Hundeklubb har arrangert 2 hundeløp i året i det siste - eitt om våren og eitt om hausten. Det er 3 varianter.

Det enklaste går over 60m. Ein held hunden - føraren spring til andre enden av banen og roper på hunden etter startsignalet har gått. Det er to klassar - ein for hundar under 40 cm skuldarhøgd og ein for dei som er over 40 cm.
Hunden må gå over både start- og mållinja elles tel ikkje resultatet. Hunden kan maks. bruka 1 minutt.

Neste variant er 60m med hinder. Hundane skal springe same strekningen, men no er det sett opp 3 hinder - eitt ganske nær start og målområdet og eitt i midten. Hindera står på ei bein linje etter kvarandre. Hundane må hoppa over minst eitt hinder for at resultatet skal telle. Dei får 2 straffesekund for kvart riv og 5 for kvart hinder dei ikkje hoppar over. Hunden kan maks. bruka 1 minutt. Hunden bør vera 1 år for å kunne delta.

Tredje variant er eit enkelt agilityløp. Me brukar berre nokre få av hindera og alle får høve til å øva på hindera på førehand. Føraren kan gjera mest kva han vil for å få hunden over eller gjennom hindera, så lenge hunden opplever situasjonen som positiv. For at det ikkje skal bli for mykje mas på hunden, kan ein ikkje bruka meir enn 3 minutt på banen. Hunden må vera 6 mnd. for å kunne delta. Dette er for dei som ikkje har delteke i vanlege agilityløp.

Elles plar me ha eit vanleg agilityløp med vanlege reglar. Dette er for dei som har trent agility ein stund. Det er ikkje lov å bruka hjelp eller godbetar og hunden skal vera laus.

Felleskjøpet har sponsa oss med flotte premiar.

Resultata frå hundeløpa finn de på 'resultat'-sida.

Her er nokre bilete frå hundeløpet 17.oktober 2009.



Hero og Ingunn klar for starten i hinderløpet.

Hero deltok i alle 3 konkurransane og kom på 2. plass i det vanlege løpet!! GRATULERER!

Bamse i eit luftig svev



Full fart til målstreken!!

Nelly og Goggen

 

Dagens minste deltakar.

Eli og Leo som vann agilityløpet og kom på 3. plass i hinderløpet og det vanlege hundeløpet for stor hund.



Yngve testar hindera.



Nanny og Dina vann både agilityløpet og hinderløpet for liten hund.

Yngve og Bamse vann både hundeløpet og hinderløpet for stor hund.

Her er bilete frå hundeløpet 11. oktober 2008. Bileta er tekne av Vidar Alfarnes som også skreiv ein fin reportasje i Kvinnheringen om løpet.



Her ser me nokre forventningsfulle deltakarar før start. Til venstre Adele Svendsen med Oskar som kom på 3. plass i hundeløpet. Over er det Eva Soltveit som ventar på tur med Tira. 
Tira vann hundeløpet for små hundar!!
Kristine Sørensen og Tyson var så sporty at dei deltok i den ordentlege agilitykonkurransen for første gong. Tyson er ikkje så glad i vippa enno

 

og fekk til slutt litt hjelp av dommaren, slik at vippa gjekk litt saktare.
Tyson vann forresten hundeløpet for store hundar.



Carsta Escher og Foxy deltok også for første gong og vann agilitykonkurransen i år sjølv om dei brukte lengst tid. Foxy tok det med ro, hadde god kontakt med føraren og tok hindera i rett rekkjefølgje. Dermed var han den einaste deltakaren som ikkje vart diska denne gongen. ME GRATULERER!!!

 

 


Camilla Jensen og Toya hadde ikkje heilt dagen. Toya har vore oppteken med sauesanking i haust og hadde ikkje fått høve til å trene så mykje.
Ekvipasjen blei diska, men var 'i godt selskap' for det blei nesten alle dei andre også!! 


 

 

Her er nokre bilete frå hundeløpet i Herøysundet i 2006.

Toppfart for å koma i mål!!

Bamse går for gull!!

Buffy i fint svev.

Toppkonsentrasjon i nybegynnar agility.