kvinnheradhundeklubb.net © 2007 

                   

Kurs

Voss hundeklubb arrangerer sommarkurs over 4 dagar frå 7.- 10. august 2008. Det kjem meir informasjon på denne sida snart. Me var fire frå Kvinnherad som deltok i 2007 (sjå bilete på agilitysida vår) og kan anbefale opplegget!!

Camilla og Atie hadde nybegynnarkurs i agility helga 15.-16. mars '08. Ni hundar deltok. Lenger nede finn du nokre bilete av kurset.

(du finn meir info om agility om du klikkar på agilityknappen øvst på sida!)

Dersom det er interesse for det vil me prøva å få til eit kurs i 'handling'  for dei som har halde på med agility ein stund.

 

 

      

Dersom du ynskjer kurs, må du ta kontakt med nokon i styret. Så skal me prøva å få det til om det er nok interesserte. .

 

Her er nokre bilete frå nybegynnarkurset i agility me hadde våren 2007 i ridehallen i Rosendal.

Leon kunne tenkt seg at hjulet hang litt lågare og det gjer det til vanleg.Men han kan gjera mykje for rette godbiten frå Mathilde!

Trygve Brandtzæg frå Haugesund var instruktør.

 

Full konsentrasjon på slalåmen for både hund og eigar.

 

Første gong på vippa er ekkelt. Den lear jo på seg!!

Eg kan fortsetja litt til om eg finn fleire godbitar!

 

Litt betenkt, men likevel trygg på veg opp stigen - utan tvang!!

Halen opp!! Dette går jo så greitt!

 

I januar-februar 2008 hadde me kurs i kvardagslydighet på ridebanen i Rosendal.

Topp konsentrert!!

 

                             
           

 


Desse bileta er frå agilitykurset 15.-16. mars 2008.

Dei fleste hundane hadde fleire 'familiemedlemmer' med seg,
så me var ganske mange!!

Me var heldige med vêret.
Det var opphald mesteparten av tida.

Det er god plass på ridebanen i Rosendal,
så me kunne øva samtidig på begge endane.

Nokre av deltakarane var så små at dei knapt syntest når dei prøvde seg på pølsa!

Foxy er kanskje liten 'utanpå', men han gjorde det vel så bra som dei større hundane!!

Tunnelen og pølsa krov mykje lokking før nokre av hundane gjekk gjennom. I nokre tilfelle måtte føraren 'til pers'.

Dei fleste hundane likar å gå gjennom pølsa, når dei først har gjort det ein gong. Slik også i dette tilfelle.

Ikkje rart når heile familien engasjerer seg....

Det blei mykje ros og /eller godbitar.

Etterkvart kunne tunnelen leggjast i boge.

Litt urettferdig kanskje at stigen er like breidd for alle.

roleg oppover....

sitja fint på enden... (ein kongepuddel får så vidt plass - endå verre var det for rottweileren og akita'n, men dei greidde det dei òg!)

Etterkvart kom halen opp. Dette går jo riktig bra!!

Eg får godbit no òg, sant??

 

Med bøyler på slalomen var det lettare å skjøna vegen...

 

Konsentrert førar og hund!

 

Ja da, eg veit at eg er flink!!

Hundane skjøna raskt kva dei skulle gjera og fekk god fart etterkvart.

 

Alle blei så ivrige at me gløymde å ta bilete undervegs.
Desse blei tekne på tampen på søndag av eit
'familiemedlem', men det førte til at ikkje alle kom med på bileta.
Beklagar!!