kvinnheradhundeklubb.net © 2007 

  

 

Nyhende

1, juni 2010: Då er hundeløpet overstått. Resultatet finn de på resultatsida. Det var 22 hundar som deltok - der i blant fleire frå Stord som hadde teke turen over fjorden. Me vil gjerne utfordra dei til å arrangere noko liknande!

20. mars 2010: Hundeklubben er endleg blitt regisrert i Brønnøysundregisteret. Konsekvensen av dette er at dei som tippar no kan gje grasrotmidlar til klubben.
Org. nr. vårt er 995 234 920.

18. mars 2010: Hundeklubben inviterer til 'møkkadugnad' laurdag 17. april for å få vekk hundedrit.

24. februar 2010: Det vert årsmøte tysdag 16. mars 2010 kl. 1900 på Yngve's konditori på Husnes. Møtet vert annonsert i Kvinnheringen fredag 26. februar. Det vert ikkje sendt ut årsmelding til medlemmene i år.

25. oktober 2009: Det blir mest sannsynleg agilitykurs på måndagar når lydnadskurset er ferdig. Banen i Rosendal er mykje oppteken og me har ikkje greidd å få tid utover den tida me alt har fått tildelt.

 

 

25. september 2009:
Det blir nytt hundeløp laurdag 17. oktober kl. 15.00 på banen i Rosendal.
Løpa med og utan hinder går som vanleg (sjå lenger ned på denne sida). Det vanlege agilityløpet går ut sidan det har vore så lite deltaking der.
Me vil denne gongen endra litt på det enkle agilityløpet. I tillegg til hindera som har vore brukt tidlegare skal hunden kunne sitje i ro i ein sirkel i 3 sekund og leggje seg ned i ein annan sirkel i 3 sekund. Hunden må setja seg 'på kommando'. Det er ikkje lov å dytta eller pressa hunden ned på nokon måte, men det er lov å bruka godbitar. Elles er reglane som før. Me håpar mange kjem for å delta!!
pris: kr 50 - 75 - 100 for å delta på 1 - 2 - eller 3 løp om du er medlem.
        kr 75 - 100 - 125 om du ikkje er medlem.

7. september 2009: Camilla Jensen vil halda nybegynnarkurs i agility i oktober 09. Endeleg dato er ikkje sett. interesserte kan ta kontakt med Camilla på mobilnr.90649827 eller Camilla-jensen@c2i.net

7. september 2009:
Berit Dale startar kvelpe-/unghundkurs måndag 7. september 09 på ridebaneni Rosendal  kl.18.00. Kurset vil gå over 8 måndagar. Det vil kosta kr. 750,- for medlemmar av Kvinnherad Hundeklubb og kr. 1000,- for ikkje-medlemmer. For meir informasjon og påmelding ta kontakt med berit.dale
@guddal.net.

14. april 2009:
Me har kjøpt 10 nye hopphinder på ettervinteren og Yngve, Camilla og Atie har grunna og beisa dei med fleire strøk. Me gler oss veldig til å ta dei i bruk!! Dei er mykje lettare og tek mykje mindre plass enn dei gamle. Dessutan er vengjene ganske opne og me håpar at dei ikkje veltar så lett når det er vind. No blir det mykje mindre slit å byggje bane!!

15. februar 2009:
Det vert årsmøte tysdag 10. mars 09 på Uskedalen skule kl. 1900.Innkalling til årsmøtet vert sendt til alle medlemmene som vanleg post.

Klubben inviterer til ope møterundt emnet 'Hundepark' tysdag 24. februar kl. 1930 på Sunde skule. Erna Mikkelsen som er utdanna instruktør, fortel litt om hundespråk og kva ein bør passa på når hundar møtest. Dersom nokon veit om eit område som eignar seg for 'hundelufting' er det kjekt om dei tipsar nokon i styret. Dersom ein veit kven som eig området, kan ein gjerne undersøkje litt sjølv på førehand kor vidt det er mogeleg å nytta området.

28. september:
Det vert nytt hundeløp laurdag 11. oktober 2008 kl. 1600 på ridebanen i Rosendal. Reglane er som vanleg.
1 løp - kr. 30 for medl / kr. 50 for ikkje medl.
2 løp - kr. 50 for medl / kr. 75 for ikkje medl.
3 løp - kr. 75 for medl / kr. 100 for ikkje medl.

Klikk på 'hundeløp' for meir informasjon.

14. april:
Det vert nytt hundeløp laurdag 26. april 2008 kl. 1600 på ridebanen i Rosendal. Reglane er som vanleg.
1 løp - kr. 30 for medl / kr. 50 for ikkje medl.
2 løp - kr. 50 for medl / kr. 75 for ikkje medl.
3 løp - kr. 75 for medl / kr. 100 for ikkje medl.

Klikk på 'hundeløp' for meir informasjon.

19. februar:
I dag blei containeren flytta til ridebanen i Rosendal og dermed er agilitytreningane flytta til Rosendal f.o.m. torsdag 21. februar.

18. februar 2008:
NB NB
-
H
ugs årsmøtet tysdag 26. februar kl. 19.00 på AFA i Uskedalen!! (nede i underetasjen)
vanlege årsmøtesaker -
(heile styret stiller til gjenval, så det er heilt trygt å møta opp :):)

16. februar 2008:
Nokre medlemmer lurte på om me ikkje kunne få til nokre treningar lenger sør i kommunen. Det har me fått til. I tillegg til treningane i Rosendal på måndagar vert det frå og med  19. februar også lydnadstreningar på onsdagar på grusbanen ved Sunde skule på Sunde kl. 18.00.
Kor vidt me vil fortsetje å ha treningar 2 ulike plassar på 2 ulike dagar er opp til dykk. Camilla og / eller Berit stiller gjerne om de også gjer det!!

2. februar 2008:
Me har fått løyve av Kvinnherad Hesteskysslag og Kvinnherad Sau og Geit å bruka ridebanen i Rosendal sentrum på prøve ut 2008. Dette er me svært glade for!! No skal me ha lydnadstreningane der på måndagskveldar kl. 18.00 frå og med måndag 4. februar og agilitytrening på torsdagar så snart me har flytta containaren dit. Me oppfordra alle til å respektera desse tidene og ikkje nytta banen utanom. Det er boligar tett inn til banen. Dette må me ta omsyn til. Hundar som gøyr mykje, bør setjast i bilen i pausane og haldast lengst muleg vekke frå boligane om det let seg gjera.
Att me ikkje let hundemøk liggja att i området, treng me vel ikkje minna om???

20. januar: Siste nytt er at me fekk melding om att me frå 1. januar 2008 ikkje lenger kan nytta banen ved Bringedalsbygda skule til treningar. Grunnen me fekk oppgitt var at ein ynskjer at barna i bygda skal kunne bruka banen 'heile døgnet' og at dei skal byggje ballbinge til våren.
Dette fekk me vite på julafta......
Etter forhandlingar får me nytta banen til agility treningar frå 24. januar og ut februar.
Me jobbar aktivt med å finna eit nytt område. Dei fleste aktivtetane til klubben er lett å flytta, men dette gjeld ikkje for agility. Me er avhengig av utstyret i containeren og den passar ikkje kor som helst. Dessutan er det dyrt å flytta den avdi me treng lastebil med krane.
Me har god håp at me vil finna eit nytt område snart.
Til kurset i kvardagslydnad har me fått lov å nytta ridebanen i Rosendal sentrum.